askeladden ein vandrar i verda şarkı sözleri
Fabian, ein liten mann på nesten fire år
Gjorde alltid som han blei fortalt, men berre fram til I går
No vil han ikkje lenger gjera mor og far til lags
Så han klypper alle trådar av forventingar
Med ord som saks
For han er lei av dei som berre trur at han er snill og grei
Han kan så mange ting, no har han lært seg å seie nei
Han er ein vandrar I verda som har begynt å gå sin eigen veg
Og livet er heilt okay
Jonatan, far til Fabian, har nettopp gått på jobb
Der gjer han som han blir fortalt, men han føler seg forsmådd
Og denne morgonen har plutselig Jonatan fått nok
Så han skjeller ut sin eigen sjef rett framfor hans arbeidsflokk
For han er lei av dei som berre trur at han er snill og grei
Han kan så mange ting, no har han lært seg å seie nei
Han er ein vandrar I verda som har begynt å gå sin eigen veg
Og livet er heilt okay
Når Jonatan sin sjef besøker grava til sin far
Blir bitre tårer pressa fram av eit spørsmål som han har
Du, pappa, korfor stilte du så altfor store krav?
Han roper ut sin frustrasjon for første gong
Ved far si grav
For han er lei av dei som berre trur at han er snill og grei
Han kan så mange ting, no har han lært seg å seie nei
Han er ein vandrar I verda som har begynt å gå sin eigen veg
Så livet kan bli okay