elisabeth gimmestad hanen şarkı sözleri

Hønene her på garden Har lagt seg til for vane Å trippe rundt på tunet Og sprade for sin hane Men det nye kyrkjespiret Har fått han til å glane Og hønene får alt for lite merksemd Der han ropar frå sin gane Kykkeliky! Kykkeliky! Han stirar heile døgnet Frå sin utvalde plett Hønene er heilt forsømte Og kyllingar har ingen sett Berre kokte egg til frukost Og ein og annan omelett Hønene pyntar seg nyttelaust Medan hanen syng kokett Kykkeliky! Kykkeliky! Hanen har null interesse Av kakling og spjåking og gnål Og av høner som et seg fagre På mais og på kinakål For der i lys av juninatta Og av flammande midtsommarsbål På toppen av kyrkjespiret Kviskrar vêrhanen i nypussa stål Kykkeliky! Kykkeliky! I draume ser hanen det for seg I vinden eit dansande ball Ein regnboge prydar him'len I kammen ein liljekonvall Og vêrhanen veivande vakker Men sjølv om kroppen nok er av metall Så er hjertet av gull som glimer Og det jublar så klart som krystall Kykkeliky! Kykkeliky!
Sanatçı: Elisabeth Gimmestad
Türü: Belirtilmemiş
Ajans/Yapımcı: Belirtilmemiş
Şarkı Süresi: 2:53
Toplam: kayıtlı şarkı sözü
Elisabeth Gimmestad hakkında bilgi girilmemiş.

Fotoğrafı