elisabeth gimmestad jonsokbålet şarkı sözleri
Alt som dreiv i land gjennom året som gjekk
No brenn vi det opp, det viskast vekk, viskast vekk
Det vonde som han sa, og alt leit eg sa til han
No går det opp i flammar og i brann, og i brann
Vi gløymer det trasige som har vert før
Det svinn hen i røyk og i glør!
Jonsokbålet brenner det som ikkje er oss meir
Sola snur og tankar vender mot eit nytt skjær
Kanskje har vi stutt med tid, med lys og med kjærleik
Men no i augneblinken sit vi her
Vi har kjent kvarandre ifrå vi var små
Jonsokbrur- og brudgom var vi då, var vi då
Feleleiken høyrdest i natta der ute
Sju blomstersortar under mi pute, mi pute
Draumen om han vart ei kronglete ferd
Men det var han jammen meg verd!
Jonsokbålet brenner det som ikkje er oss meir
Sola snur og tankar vender mot eit nytt skjær
Kanskje har vi stutt med tid, med lys og med kjærleik
Men no i augneblinken sit vi her.
Han siktar mot rusten spiker
Kastar hesteskoen så sikker
Den landar nett der han ve
Han snur seg mot meg, går ned på kne
Jonsokbålet brenner det som ikkje er oss meir
Sola snur og tankar vender mot eit nytt skjær
Kanskje har vi stutt med tid, med lys og med kjærleik
Men no sit han og eg her og