elisabeth gimmestad menn i bunad şarkı sözleri

Det er 17. mai, eg tek finstasen på Mannjen pressar seg inn i dressen sin så lilla og blå Den var ny då til bryllaupet, men når var no det? Han har lagt seg heilt ut, så du kan seie ka du ve Eg skal ut, gå i tog, eg skal stirre Fryde meg og le, ja, la meg pirre! Sekkeløp og flagg og riktig dugnad (Hurra! Hurra!) Hipp hurra og hoi og for ein hugnad (Hurra! Hurra!) Dette er mitt liv, det er min lagnad Hjertet mitt det pumpar og det slår Ser du der, kor dei er lekre når dei går Menn i bunad! Det er 17. mai, eg skal ha meg ein is Mannjen bør glatt stå over etter år som sofagris Men han hiv seg over kandissukker, pølse med alt Og det minner meg om livet vårt og alt som har gått galt Eg skal ut, gå i tog, eg skal flørte Fryde meg og vifte litt med skjørtet! Sekkeløp og flagg og riktig dugnad (Hurra! Hurra!) Hipp hurra og hoi og for ein hugnad (Hurra! Hurra!) Dette er mitt liv, det er min lagnad Hjertet mitt det pumpar og det slår Ser du der, kor dei er lekre når dei går Menn i bunad! Det var 17. mai då i 1983 Ein kar i bunad hadde dumpa meg, eg grein litt over det Då kom mannjen min og sette seg ved sida der eg sat Og sjølv i dress så var han flott og eg vart veldig fort betatt Eg skal ut, gå i tog, promenere Vere glad for det eg har, prioritere! Sekkeløp og flagg og i sitt ess (Hurra! Hurra!) Hipp hurra og hoi og ingen stress (Hurra! Hurra!) Er då menn i bunad noko tess? Hjertet mitt det pumpar og det slår Ser du no kor glad han ved mi side går Min mann i dress!
Sanatçı: Elisabeth Gimmestad
Türü: Belirtilmemiş
Ajans/Yapımcı: Belirtilmemiş
Şarkı Süresi: 3:17
Toplam: kayıtlı şarkı sözü
Elisabeth Gimmestad hakkında bilgi girilmemiş.

Fotoğrafı