ingar bergby ja, vi elsker dette landet şarkı sözleri

Fagert er landet du oss gav, Herre, vår Gud og vår Fader! Fagert det stig av blåe hav, soli ho sprett og ho glader, signar vårt land i nord og sud, soleis di åsyn lyser, Gud, over vårt Noreg i nåde. Likjest vårt folk i mager jord skjelvande blomen på bøen, stend utan livd i vind frå nord tett innmed kanten av snøen. Herre, du ser med miskunn ned, folket vårt gjev du livd og fred, er oss so kjærleg ein Fader. Her ned i grunnen sveitten rann trufast åt federne våre her dei sin heim og hugnad fann, dogga med smil og med tåre. Her hev det flødt ei såkornflod varm av vårt beste hjarteblod, her hev me grorbotn å veksa! Tidi ho renn som elv mot os, fort skifter sumar med vetter. Fader, ver alltid Noregs los radt til dei seinaste ætter Herre vår Gud, vårt Noregs Gud, varda vårt land frå fjell til flud, lær oss å gå dine vegar. Signe då, Gud, vårt folk og land, signe vårt strev og vår møda, signe kvar ærleg arbeidshand, signe vår åker med grøda! Gud, utan deg den vesle urt veiknar og visnar, bleiknar burt, ver du oss ljoset og livet!
Sanatçı: Ingar Bergby
Türü: Belirtilmemiş
Ajans/Yapımcı: Belirtilmemiş
Şarkı Süresi: 8:39
Toplam: kayıtlı şarkı sözü
Ingar Bergby hakkında bilgi girilmemiş.

Fotoğrafı